Legg vekk sak etter dødsulukke

Ein fotgjengar blei påkøyrd og døde i ei ulukke i Ørsta i november 2017. Riksadvokaten meiner bilføraren ikkje kan lastast og har lagt vekk saka.

Trafikkulukke: Tidleg ein morgon i november for vel eitt år sidan omkom ein mann etter å ha blitt påkøyrd i Åmdalen i Ørsta.  Foto: Joakim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

Dette var ei plutseleg og upårekneleg hending, meir enn aktløyse i juridisk forstand

Nyheter

Tidleg ein morgon i november 2017 blei ein fotgjengar i 60-åra påkøyrd og kritisk skadd i ei ulukke på fylkesveg 655 i Åmdalen i Ørsta. Like etter blei mannen stadfesta omkomen.