Mor vedgår delvis skuld etter tiltalen om vald mot steson

Mora blei irritert og kasta ein fjernkontroll på stesonen. I retten vedgjekk ho episoden, men nektar for å ha slått, sparka og knipe nokon av barna.

Rettssak: Inger Myklebust Ferstad (til høgre) er aktor i straffesaka mot eit foreldrepar frå søre Sunnmøre som er tiltalt for vald og krenking av barn. Støtteadvokat for barna er Hege Robudal Stenkløv.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Eit foreldrepar sit denne veka på tiltalebenken i Søre Sunnmøre tingrett, tiltalt for å ha utført vald og krenka tre barn. Ei mor i 30-åra vedgjekk delvis straffskuld då rettssaka starta tysdag. Faren nektar all skuld.