Geiranger og Hellesylt:

Naudnettet svikta heilt - direktoratet beklagar situasjonen

Eit aggregat utan diesel og eit tre som øydela ei telefonlinje. Dermed vart Geiranger og Hellesylt utan naudnett.

NAUDNETT: Staten har brukt nesten seks milliardar kroner på å innføre naudnett i Norge. Men det skal ikkje alltid så mykje til før det sviktar. Det har folk i Geiranger og Hellesylt fått merke dei siste dagane. ILLUSTRASJONSFOTO. 

Nyheter

– Vi er lei oss for det som har skjedd og kan berre beklage. Men det vil aldri vere mogeleg å sikre oss eitt hundre prosent mot at naudnettet ikkje kan ramle ut enkelte stader.