Rykka ut til pipebrann i bustadhus

Brannvesen og politi måtte rykke ut til eit branntilløp i Ulsteinvik onsdag kveld.
Nyheter

I 23.30-tida onsdag melde Møre og Romsdal politidistrikt om brann i ein skorstein. Brannvesenet var då på staden og var i gang med sløkkinga.

Politiet opplyste at brannen skjedde i Ottavikvegen. Dei skreiv i ei twittermelding klokka 23.41 at det kom flammer ut av pipa.

Alle bebuarar er ute og i sikkerhet, opplyser politiet.

Klokka 0.20 opplyste brannbefal i Ulstein, Arne Runar Vik, til Vikebladet/Vestposten at brannen var slukket.