Forsvararar krev frifinning, men aktor meiner foreldre må straffast:

Krev fengsel i eitt år for barnemishandling

– Det er ikkje tvil om at det var krevjande å vere foreldre i denne heimen, men det kan aldri unnskylde å krenke barn.

Aktor: Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad meiner dei tiltalte foreldra må dømmast for barnemishandling. Ho ser ikkje at det er grunnlag for samfunnsstraff, men meiner foreldra må sone eitt år i fengsel.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Det sa aktor Inger Myklebust Ferstad før ho la ned påstand om eitt år fengsel for foreldreparet som denne veka har møtt i Søre Sunnmøre tingrett tiltalt for barnemishandling.