Tilsette vil ikkje samarbeide - biskopen kopla inn i striden:

Teologisk strid i Spjelkavik kyrkjelyd - fleire unge tilsette har slutta

Spjelkavik sokneråd vil be tilsette i Norges største kyrkjelyd om å vurdere stillinga si om dei ikkje kan samarbeide.

Øydeleggjande: – Vi kan ikkje tillate at teologiske spørsmål som er avgjorde på høgare nivå, blir sett på spissen lokalt, då det er heilt øydeleggjande for arbeidet i kyrkjelyden, heiter det i saksframlegget til neste møte i Spjelkavik sogneråd.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Bakgrunnen for det krasse saksframlegget til soknerådets neste møte er ein langvarig strid mellom konservative og liberale krefter i kyrkjelyden.