Oppmodar folk frå søre Sunnmøre til å stille i fakkeltog i Ålesund

Felles kamp for helsetilbodet på Sunnmøre

– Folk bør reise frå søre Sunnmøre til Ålesund måndag og vere med på fakkelmarkeringa. Kjøp faklar, set igjen bilen og ta bussen utover, oppmodar Synnøve Rekkedal Hill.

SJUKEHUS: Volda sjukehus er eitt av fire sjukehus i Møre og Romsdal. Synnøve Rekkedal Hill ser ikkje behov for fakkeltog i denne omgang, men lovar tog heile vegen frå Ørsta til Volda om Molde-ordføraren sitt utspel får gjennomslag. 

Nyheter

Synnøve Rekkedal Hill tok i 2015 initiativ til fakkeltog for Volda sjukehus. No meiner ho folk frå søre Sunnmøre gjerne må vere med i fakkelmarkeringa i Ålesund måndag, der ein skal protestere mot helsekutt.