Tolmodig venting på ferjekaia på Hellesylt

Heim til Geiranger takka vere rasferja

– Vi ville vere på den sikre sida. Slik at vi var heilt trygge på å rekke ferja.

Silje Mari og Anne Mari Westerås tek ventinga på ferjekaia på Hellesylt med eit smil.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det seier Anne Mari og Silje Mari Westerås, mor og dotter. Det er fredag. Dei har køyrd frå Ålesund, og har stilt seg aller først i ferjekøen på Hellesylt.