Krisa i Helse Møre og Romsdal:

Vil ha opprør mot helsepolitikken

Ordførarane Stein Aam i Ørsta og Jørgen Amdam i Volda vil ha resten av kommunane i Møre og Romsdal med seg på eit opprør. Eit opprør mot helsepolitikken.

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheter

(Møre-Nytt): – Dei sterke signala som no kjem om Mork rehabiliteringssenter er berre så latterlege og idiotiske. Det er uforståeleg. Og til sjuande og sist vil det gje eit dårlegare tilbod til pasientane, og ei stor ekstrarekning til kommunane, seier Amdam.