Sterke reaksjonar på at helseføretaket vurderer å fjerne revmatologisk sengepost i Ålesund:

– Ein hån mot revmatikarane i fylket

– Mistar vi sengeposten, då har vi ikkje ei spesialisthelseteneste, seier Toril Havnegjerde Olsen (72), som har leddgikt. – Ingenting er avgjort, seier klinikksjefen, som avviser at det er eit sparetiltak.

Fysisk aktivitet: Toril Havnegjerde Olsen trivst ute på tur. – Før var rådet at ein skulle verne ledda og halde seg i ro. Eg er glad eg trassa dei, for no er aktivitet ein viktig del av behandlinga.  Foto: Nils-Harald Ånstad

Nyheter

– Når eg blir dårleg, ringer eg til revmatologane på Ålesund sjukehus og får hjelp. Det er ein veldig tryggleik å ha spesialisthelsetenesta her, seier Toril Havnegjerde Olsen (72). Frå huset i Langevåg blir reisevegen kort.