Bussjåførane slit på glatt føre i Giske kommune – berre den siste veka har fleire bussar hamna i grøfta på Valderøya og på Vigra:

Bussane køyrer som bambi på isen

Den siste veka har fleire bussar køyrd av vegen i Giske kommune og nokre bussar er innstilte. Kommunen svarar dei gjer så godt dei kan.

Bussjåfør med godt humør: Nettbuss-sjåfør Kjell Torbjørn Løndal er ikkje særleg nøgd med føret bussane møter i Giske kommune. Her passerer han flyplassen på veg frå Synnes, eit område fleire sjåførar har hamna i grøfta.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

På veg opp «bedehusbakken» onsdag førre veke hamna ein buss på tvers av vegen og sperra trafikken. Det er éin av mange bussar som har slitt med det glatte føret på Valderøya og Vigra. Nettbuss som køyrer rutene, meiner kommunen gjer for dårleg arbeid med å halde vegane trygge.