Foreldre dømde for barnemishandling

Eit foreldrepar frå søre Sunnmøre er dømde til fengsel i åtte månader og ni månader etter mishandling av barn.

Rettssaka: Advokatfullmektig Guro Kristine Velle forsvarer familiefaren som møtte i retten, tiltalt for vald og krenking av barn. Advokat Torgeir Hovland Langva forsvarer den tiltalte mora  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Søre Sunnmøre tingrett har dømt ei kvinne i 30-åra til fengsel i åtte månader for barnemishandling. Far i familien, også han i 30-åra, er dømd til fengsel i ni månader.