Skredfaren er minkande i Geiranger

Starta rydding av rasutsett veg

Statens Vegvesen hatt synfaring med helikopter i området.

RASET: Snøraset som gjekk over fylkesveg 63 ved Grandeneset i Geiranger, var om lag 100 meter breitt og 5 meter høgt.  Foto: Willy Fredheim

RASFERJE: Det går mellombels rute mellom Hellesylt og Geiranger medan vegen er stengd på grunn av ras.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Statens vegvesen har hatt synfaring med helikopter på Fylkesveg 63 mellom Indreeide og Geiranger tysdag for å vurdere skredfaren. Vegen har vore stengt sidan torsdag og det har gått fleire skred på strekninga. Konklusjonen etter synfaringa i dag er at skredfaren er minkande, opplyser Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Med ekstra tryggleikstiltak kan ryddinga av strekninga starte.

– Vi har starta ryddinga på Grande. Vi vil og starte å frese frå Indreeide i dag. No har vegen ligge urørt sidan torsdag og det er for mykje snø til å bruke vanleg brøytebil. Derfor må vi bruke snøfres, fortel seksjonsleiar Torgeir Bye i Statens vegvesen.


Med lite trafikk på vegen gjekk kjelkane i ei lynande fart då det blei arrangert kjelkerace i Geiranger:

– Vi kosar oss sjølv om vi er innestengde

Laurdag blei det arrangert eit uoffisielt kjelkerace i Geiranger. Med berre ein møtande bil fekk deltakarane god fart frå Flydalsjuvet og ned til Union Hotel

Det er om lag 1,2 mil med veg som må ryddast for snø før det er aktuelt å opne han for trafikk (saka held fram under bildet).

GEIRANGER, TYSDAG: Dette bildet er teke av Statens Vegvesen frå eit helikopter som undersøkte forholda i Geiranger tysdag.  Foto: Kåre Andre Berge, Statens Vegvesen

 

Prognosane for vêr og vind er positive, men om vinden aukar kan det føre til at skredfaren aukar igjen.

– Med det vi veit no, så har vi håp om at vegen kan opne onsdag ettermiddag. Men vi må sjølvsagt følgje skredfaren tett, seier Torgeir Bye i Statens vegvesen.

Ferja mellom Geiranger og Hellesylt held fram med å gå i rasrute 1 så lenge vegen er stengt.


Tolmodig venting på ferjekaia på Hellesylt

Heim til Geiranger takka vere rasferja

– Vi ville vere på den sikre sida. Slik at vi var heilt trygge på å rekke ferja.