Uavklart om Rent Nordvest AS

Uvisse om arbeidsplassar

Det er framleis usikkert om 19 arbeidsplassar på Stranda. Ingen er aktuelle kjøparar til Rent Nordvest AS.

AVVIKLING: Sjølv om tillitsvald Vytautas Jonkus ved Rent Nordvest på Stranda er optimist, ser han at vidare drift kan bli vanskeleg etter at nøkkelpersonar mellom dei 19 tilsette forsvinn ut av verksemda. Sjølv har han fått seg arbeid i ei anna bedrift på Stranda, men trur fleire kan få problem med å få seg nytt arbeid.  

Nyheter

– Vi har ikkje gitt opp håpet om at nokon kan ta over drifta, men det hastar. Fleire nøkkelpersonar har allereie fått seg nytt arbeid, seier Vytautas Jonkus, som er tillitsvald mellom dei tilsette. Han er organisert i fagforbundet Industri Energi.