Indreeide-Geiranger er opna for trafikk

STORT RAS: Gravemaskiner er tatt i bruk for å rydde eitt køyrefelt her på Grande i Geiranger.   Foto: Kåre Andre Berge, Statens Vegvesen

Nyheter

Arbeidet med å rydde vekk snøen i vegbana på fylkesveg 63 Indreeide-Geiranger ved rasstaden på Grande held fram onsdag, og no kjem Statens Vegvesen med si første melding om når ein kan ta sikte på å opne vegen:

– Slik det ser ut no tek vi sikte på å opne vegen rundt klokka 19.00 onsdag, seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen, Torgeir Bye når Sunnmørposten er i kontakt med han klokka 13.30 onsdag.

Klokka 18.45 opna Vegvesenet vegen att, melde Vegtrafikksentralen på Twitter.


Slik så det ut da skredet gikk i Geiranger

Sander Mossberg Hjelle var like ved da snøskredet raste nedover ved Grandeneset i Geiranger torsdag.

Målet er å få opna eitt køyrefelt på rasstaden. Trafikantane må vere budde på at det vil pågå rydding ved rasstaden også torsdag. Men då vil altså vegen vere open for trafikk, melder Statens Vegvesen.

– Vi snakkar om eit ganske stort ras. I vegbana er det snakk om høgder på opptil 8 meter, totalt er det cirka 200 meter breitt. Raset består av tettpakka snø, men også av ein del greiner og tre. Difor tek det tid å fjerne massane, seier Bye.


Tolmodig venting på ferjekaia på Hellesylt

Heim til Geiranger takka vere rasferja

– Vi ville vere på den sikre sida. Slik at vi var heilt trygge på å rekke ferja.