Tre sunnmørsbåter nominert til Ship of the Year

I konkurransen Ship of The Year er det valt ut tre finalistar. Alle tre kjem frå verft på Sunnmøre.

Nominert: Skroget til verdas største hybridferje, MS "Color Hybrid", frå Ulstein Verft. Den er nominert til Ship of the Year.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Det melder Skipsrevyen på sine nettsider. Under Nor-Shipping i Oslo 4. juni deler Skipsrevyen ut den prestisjetunge prisen Ship of The Year 2019.

Den første kandidaten er MS «Color Hybrid». Den hybride passasjerferja skal inn i trafikk mellom Sandefjord og Strømstad. Skroget blei bygd ved Crist Verftet i Polen før det blei slept til Ulstein Verft for ferdigstilling.

Kandidat nummer to er MS «Roald Amundsen», som i mai skal ut på sin jomfrutur. Den har blitt bygd på Kleven verft i Ulstein for Hurtigruten.

Nominert: MS Roald Amundsen.  Foto: FOTO: OCLIN/HURTIGRUTEN

 

Kandidat nummer tre er MS «Ronja Storm», som er verdas største brønnbåt. Den fikk vatn under kjøla for første gong i januar 2019. Deretter blei ho slept til Havyard i Fosnavåg for å bli ferdigstilt. Brønnbåten får plass til 7.450 m3 vatn i fisketankane, noko som er over dobbelt så mykje som normalt store brønnbåtar.

Nominert: Illustrasjon av MS Ronja Storm, verdas største brønnbåt.  Foto: STEPHEN GIBSON, PHOTOHOME.CO.UK