Øvrelid-saka:

– Uvanleg med så gamle erstatningssaker

Professor i erstatningsrett, Bjarte Askeland ved Universitet i Bergen, har med stor interesse lese historia til dei fem Øverlid-søskena.

PROFESSOR: Bjarte Askeland er professor i erstatningsrett ved Universitet i Bergen.  Foto: Privat

Nyheter

– Eg kjenner saka berre gjennom media, så eg må svare litt generelt. Det finst mange tilfelle som gjeld søksmål mot kommunar, men det er svært uvanleg at folk går til søksmål om forhold som ligg så mange år tilbake i tid, seier Askeland.