Ungdomspanelet besøkte årets ungdomskommune:

– Vi må gjere fylkespolitikken forståeleg

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal gjekk til topps i Klivrehallen i Ulstein Arena då dei besøkte kommunen som vart kåra til årets ungdomskommune.

LEIAR: Urtė Karanauskaitė er leiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Ho meiner det er svært viktig at ungdomen engasjerer seg for å påverke korleis heimstadane deira utviklar seg.  Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES

Nyheter

(Vikebladet): I november kåra Ungdommens fylkesting Ulstein kommune til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. I helga har Ungdomspanelet i fylket vore samla til møte i Ulsteinvik og laurdag delte dei ut prisen til ungdomsrådet i kommunen.