Ny prisrekord på einebustad:

– Ein fantastisk eigedom

Ein einebustad i Ulsteinvik har sett prisrekord på Ytre Søre Sunnmøre. Nyleg selde eigedomsmeklar Martin Mork Kleppe ein eigedom på Saunes for 7,9 millionar kroner.

Rekordsum: Tryberg 7 og Dyrda 18 vart selt for 7,9 millionar kroner.   Foto: Linda Eikrem/Vikebladet

Nyheter

(Vikebladet:) – Det er ein fantastisk eigedom, ja, eg vil seie det er ei perle, seier Kleppe, som jobbar i Notar. Huset har adresse Tryberg 7 og vart bygd i 1936. Huset har vore ombygd fleire gongar. Også trippelgarasjen i Dyrda 18 vart selt i same slengen.

– Garasjane låg eigentleg ikkje ute for sal no, men kjøpar ville gjerne ha dei saman med huset og resten av eigedomen, fortel Kleppe. Han trur aktiv marknadsføring gjorde at det var stor interesse rundt eigedomen.