Kristofer Hivju til Internasjonal dag for studentar

Det vert Hollywood-sus over årets Internasjonale dag på Høgskulen i Volda.

Verdskjend: Kristofer Hivju kjem til Internasjonal dag i Volda 6. februar. Arkivfoto 

Nyheter

Det skriv høgskulen på nettsida si. Hovudgjester og foredragshaldarar blir nemleg ekteparet Kristofer og Gry Molvær Hivju.

– Vi ønskjer at foredraget skal inspirere studentar og tilsette til å vurdere å reise utanlands, sjå verdien av internasjonale erfaringar og impulsar, og våge å tenke litt stort. I så måte er ekteparet Hivju perfekte inspirasjonskjelder, uttaler Iulia Beleuta og Marthe Osmundsen ved Internasjonalt kontor.

Studentane svarte på ei undersøking etter fjorårets dag, der dei fekk stemme fram sin draumegjest. Der vann Kristofer Hivju med klar margin. Hivju har blant anna hatt suksess i rolla som Tormund Giantsbane i HBO-serien Game of Thrones. Gry Molvær Hivju, frå Sula, har studert i Volda og har ei lang karriere innan forskingsjournalistikk, foto og dokumentarfilm.

Som vanleg deltek også gjesutanlandske partnaruniversitet, internasjonale studentar i Volda, og studentar som har vore på utveksling. Om kvelden blir det gratis kveldsshow på Rokken, med Julien S. Bourrelle, kjend fo «The Social Guidebook to Norway», ei bok som er seld i over 50.000 eksemplar.