– Dette ser eg på som ei orsaking og ei vedgåing frå Ahlsell

Elling Strand i Ulsteinvik og Ahlsell Norge vart denne veka samde om eit forlik. Det betyr at det ikkje blir noko av rettssaka mellom partane.

SA JA TIL FORLIK: Elling Strand (57) fortel at han får ein betydeleg økonomisk kompensasjon frå Ahlsell Norge, etter at han saksøkte selskapet for ugyldig oppseiing. – No er eg ferdig med Ahlsell og klar til å sjå meg om etter ny jobb, seier Strand.  Foto: Linda Eikrem, Vikebladet/vestposten

Nyheter

(Vikebladet): – Eg har fått ein betydeleg økonomisk kompensasjon, og ser på det som både ei orsaking og ei vedgåing frå Ahlsell, fortel Strand til Vikebladet Vestposten.