Møre og Romsdal har nest færrast politifolk av alle politidistrikta i landet

Langt unna politimålet

Fleire regjeringar har styrt etter målet om to politifolk per tusen innbyggjar. Etter 11 år med tiltak, er talet 1,48 i Møre og Romsdal.

FOR FÅ: Møre og Romsdal politidistrikt har nest færrast politifolk i landet, med 1,48 per tusen innbyggjar. Berre Vest politidistrikt er færre. Landet sett over eitt er det 1,93 polititilsette, særorgan som PST inkludert. Det nasjonale målet er 2,00.   Foto: Junge, Heiko

Nyheter

Landet sett over eitt, er det 1,73 polititenestemenn per tusen innbyggjar. Inkluderer ein særorgana, som PST, Politidirektoratet, Kripos, Økokrim osb., er talet oppe i 1,93.