Opnar vegen til Geiranger før det blir mørkt

Statens vegvesen jobba torsdag for å rydde fylkesveg 63 i Geiranger.

Nytt ras: Raset frå Grandefonna var 30 meter bredt og sju meter høgt. 

Ole Jan Tønnesen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Møre og Romsdal.  Foto: Anne Marit Øksenvåg Johansen

Nyheter

SISTE: Klokka 16.15 torsdag melder Statens Vegvesen at vegen er rydda og er open for trafikk.

Onsdag ettermiddag var det på nytt ras frå Grandefonna i Geiranger. Ingen bilar eller personar blei tatt av raset, men bygda er på nytt isolert.

Torsdag har Statens vegvesen jobba for å rydde fylkesveg 63 for raset som var 30 meter bredt og sju meter høgt.

SJÅ VIDEO: Ein buss blei nesten tatt då Grandefonna rasa ut

Onsdag ettermiddag, i firetida, rasa Grandefonna i Geiranger ut. Ein buss blei nesten tatt av snømengdene.


Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnessen i Statens vegvesen seier til Sunnmørsposten at dei skal opne vegen før det blir mørkt torsdag ettermiddag.

–  Det er ein stor jobb så eg greier ikkje seie nå akkurat når vegen opnar, men målet er at det skjer før det blir mørkt, sa han torsdag ettermiddag.

Her går Grandefonna igjen

Fv. 63 er midlertidig stengt på grunn av at Grandefonna raste ut.


Rasrydding: Statens vegvesen har torsdag rydda rasområdet med hjullastar og gravemaskin. 

 

Tønnessen fortalde at dei fekk hjullastar og gravemaskin i aksjon, gravemaskinen blei frakta inn med ferje i torsdag morgon.

Og torsdag ettermiddag vart altså vegen opna igjen.