Tunnelen skal starte under havnivå

Ti meter vegg mot havet

– Dette blir ei av dei store utfordringane med Nordøyvegen.

UNDER HAVET: Tunnelinnslaget på Hestøya ligg åtte meter under havnivå. Ei 250 meter lang og ti meter høg demning på kvar side skal halde havet ute. Demninga skal gå fem meter over havnivå. Lepsøybrua i bakgrunnen til venstre.   Foto: Illustrasjon: Statens vegvesen

Nyheter

Ei demning ute i havgapet, slik at vegen kan gå under havnivå, det er høgst uvanleg. Den eine tunnelen på Nordøyvegen startar åtte meter under havnivå.