Vil fylle kyrkjerommet til støtte for «Aktiv mot kreft»

Lagar kor-magi i mars

Hundrevis av songarar frå seks kor ligg no i hardtrening for å gje publikum ei høgst uvanleg oppleving i Spjelkavik kyrkje.

Sprek satsing: – All forsking viser at tilpassa trening er svært viktig også for kreftsjuke, fortel spesialfystioterapeut Marthe Li på Pusterommet ved Ålesund sjukehus. Ho er difor hoppande glad for at Svein Eiksund og Øyvind Holsvik no går i bresjen for ei musikalsk innsamling til dette arbeidet. Båe karane har fått kjenne på kreftsjukdom.  Foto: Bjørn Halvorsen

Spjelkavik kyrkje: Kantor Ane Rypdal får ei viktig rolle i takke- og støttekonserten til Øyvind Holsvik og Svein Eiksund 30. mars.  Foto: Bjørn Halvorsen

Nyheter

Nestor innan sunnmørsk korsong, Svein Eiksund, har på trappene ein ny grandios takke- og støttekonsert.

Ingen som var til stades i Volda kjem til å gløyme den hjartevarme og gripande stunda.

Kyrkja var full timen før.


 

Kodeord «hjelp»

I mellomtida har Eiksund vore gjennom både eit tilbakefall og ny rehabilitering – denne gongen med suveren hjelp frå Ålesund sjukehus.

Kodeordet «hjelp» er viktig:

– Ingen klarer å stelle i stand eit løft som dette åleine. Eg er utruleg takksam over kor positive alle er og det store arbeidet songarane legg i førebuingane.

Samklang i tunnelar

Kor-kameraten Øyvind Holsvik skal knyte det heile saman, som sist, medan Eiksund vil leie dei talrike fellesnumra.

– Det er heilt spesielt å vere til stades når så mange syng i lag, seier Holsvik.

– Dei som har vore med under Eiksund-samklangen eller opninga av Kviven veit kva dei går til. Det blir mektige dimensjonar over opplevinga, seier Øyvind.


 

Eit nytt arrangement av stjernehymna frå Finlandia kan nemnast, likeså kyrkjemusikk signert salig Svein Møller frå Herøy. Pluss mykje meir.

– Ja, dette blir verkeleg ein vaksen fellsskap, seier Eiksund.

Seks kor er med

Fellesskapen inneheld kora Con Moto, Scala Brio, Runde blandakor – i drift heilt sia 1879 – Hareid kammerkor, Von Dess, Spjelkavik kyrkjekor og Moljegapet blandakor.

Dessutan skal Ane Rypdal og Ola Eide ta del frå kyrkja.

Utvalde spesialistar og sjukepleiarar har ynskt seg songar, noko konferansier Holsvik vil samtale med dei om.

– Kora skal også syngje sine eigne nummer, fortel Øyvind.

All inntekt til jobb mot kreft

Konferansieren er om muleg endå meir motivert no, ettersom også han har fått behandling sia førre konserten.

– Eg har vore svinheldig! Det gjekk sju små dagar frå det vart oppdaga til eg var operert.

Alle inntekter går rett til «Aktiv mot kreft» og deira opplegg Pusterommet.

– Hurra for at nokon ser kor viktig tilpassa trening er! Ekstra kjekt at dette er menneske som har kjent på det sjølv, helsar spesialfysioterapeut Marthe Li.


Arrangerer konsert med Samklangkoret:

Dirigent Svein Eiksund takkar for livet

– Eg kjende meg dødsdømd av kreft. Når eg så vann livet i gåve, gjer eg alt i mi makt for å takke.



Helgaprat: Svein Eiksund

Den standhaftige dirigent

I løpet av ei veke i fjor haust opplevde Svein Eiksund (70) ein av dei største oppturane i livet, og den største nedturen. Begge kom for han som lyn frå klår himmel.