Ti kandidatar til høgskulestyret

Lodve Solholm, Gunn Berit Gjerde og Ingrid Opedal er mellom kandidatane til det nye styret for Høgskulen i Volda.

Høgskulen i Volda. Arkiv  Foto: Terje Engås

Nyheter

Høgskulen i Volda har gjort framlegg om ti kandidatar til nytt styre for Høgskulen i Volda. Forslaget er ifølgje khrono.no sendt til  Kunnskapsdepartementet med følgjande kandidatar:

  • Bernt Hagtvet, professor emeritus i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo
  • Professor Knut Helland, dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen
  • Lodve Solholm, nyleg pensjonert frå embetet som fylkesmann i Møre og Romsdal
  • Marin-ingeniør Oddbjørn Følsvik, som har vore varamedlem i styret 2017–2019, leiar i maritim næring
  • Geir Terje Ruud, utviklingsdirektør NTB
  • Ingrid Opedal, varamedlem i styret 2015–2019, tunvert ved Ivar Aasen-senteret, tidlegare vara til Stortinget for SV 2001-2009
  • Bodil Palma Hollingsæter, spesialrådgjevar, Innovasjon Norge
  • Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar, Møre og Romsdal
  • Ingunn Hestnes, jurist i Ulstein kommune
  • Aslaug Krogsæter, adjunkt med opprykk, vara i styret ved Høgskulen i Volda 2015–2019

Johann Roppen blei i haust attvald som rektor for høgskulen, og den valde rektoren er også styreleiar.


Roppen held fram

Johann Roppen held fram som rektor ved Høgskulen i Volda.