Ørsta ungdomsskule blant dei flinkaste i klassen

Mange lærarar oppfyller ikkje nye krav til kompetanse. Ørsta, Vanylven og Hornindal har derimot stjerner i boka.

Språklærar: Hjørdis Almelid Vikenes undervisar ved Ørsta ungdomsskule. Ho skryter av samarbeidet med kommunen, som ho seier legg til rette og motiverer lærarar til å ta vidareutdanning.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Dei fleste kommunar i Møre og Romsdal slit tungt med å ha ein lærarstab som oppfyller nye kompetansekrava for 1 til 10. trinn. (Sjå eigen faktaboks for meir info)

Hjørdis Almelid Vikenes er språklærar ved Ørsta ungdomsskule. Ho tok vidareutdanning i fjor.