Aquathor og Tafjord Kraftproduksjon med intensjonsavtale for eksport

Tafjord-vatn til tørkeråka

Friskt fjellvatn frå Tafjord kan i framtida bli drikkevatn for folk i tørkeområde i Europa, Afrika og Midtausten.

Reint: Vatn frå Tafjord kan bli eksportert til tørkeramma område i Afrika, Europa og Midtausten. I ein krisesituasjon kan det gå ein tankbåt med vatn dagleg frå Tafjord. Ved sjøen tenkjer ein seg at pumper blir plassert i innebygde containerar. Prosjektet kan gi ringverknader og arbeidsplassar i Tafjord. Kommunestyret skal komme med si meining denne veka.   Foto: Illustrasjon: Aquathor

Det er store interessekonfliktar omkring reint vatn i Europa

Pål Jacob Jacobsen
Nyheter

Selskapet Aquathor ønsker saman med Tafjord Kraftproduksjon, å undersøke moglegheitene for å skipe ut vatn i mindre tankfartøy til område som er på desperat jakt etter friskt vatn. Dei to selskapa har inngått ein intensjonsavtale.