Varslar om ras via SMS

Statens vegvesen vil varsle med SMS når fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen i Ørsta og Stranda blir stengt.

Skredutsett: Vegen gjennom Norangsdalen er ifølgje Vegvesenet ein av dei mest skredutsette vegane i Møre og Romsdal.  

Nyheter

Tenesta skal gi betre informasjon direkte til dei som ønskjer det når vegen blir stengt eller er planlagt stengt, og når vegen opnar igjen, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

– Fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen er av dei mest skredutsette vegane vi har og blir ofte stengt grunna skredfare eller skred. Med SMS-varslinga når vi folk med informasjon fort, både når vegen er stengt og ikkje minst når vi opnar han igjen, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Dei som ønskjer å få varsel på SMS må sjølv melde seg på tenesta. Det er også mogleg å sende SMS for å sjekke om vegen er open, utan å abonnere på varslinga.