Fleire stader på Søre Sunnmøre er det svært glatt og vanskelege køyretilhøve:

– Køyr forsiktig

Fleire stader på Søre Sunnmøre er det meldt om underkjølt regn og svært glatt. Politiet oppmodar alle om å køyre forsiktig.
Nyheter

– Vi har fått meldingar frå Ørsta og Hareid, så då er det naturleg å tenkje at det kan vere kuldregroper også andre stader i området, seier operasjonsleiar Erik Mikalsen, som oppmodar alle bilistane om å køyre forsiktig.

Politiet sender meldingane vidare til Vegtrafikksentralen, som vil syte for strøing og salting.

Det er førebels ikkje meld om trafikkulukker på grunn av føret.