Kyrkja mista tilgang til folkeregisteret – no må folk sjølv ta kontakt om fødslar

Slutt på invitasjon til dåp

No må nybakte foreldre sjølv melde barnet til dåp.

HAREID KYRKJE: Torill Oda Ringstad og Joachim Moldskred (t.h.) har valt å døype borna sine fordi dei begge sjølv er døypt og dei synest det er ein fin tradisjon. Her ser vi Aslak som blir døypt i Hareid kyrkje 13. januar av sokneprest i Hareid, Leidulv Ø. Grimstad. Fadder Laila R. Bakkely held dåpsbarnet.   Foto: Hareid Sokneråd

Nyheter

Den 1. oktober i fjor mista Den norske kyrkja tilgang til informasjon frå folkeregisteret. Nye reglar om personvern gjer at kyrkja ikkje lenger får melding frå registeret når medlemer får barn.