Full fart fram til sommaren for selskapet i Ulsteinvik

Flygande start for Evotec

Berre veker etter at nye eigarar tok over selskapet Evotec AS i Ulsteinvik har ordrane kome på løpande band. Dei treng fleire folk.

ORDRAR: Salsleiar Geir Henning Kalvatn (tv) og leiar for sal og marknad, Torkjell Ringstad, må saman med dei tilsette brette opp ermene for å få unna alle ordrane fram til sommaren. Til høgre, arbeidsformann Arnleif Sporstøl. Ein søkjer no etter fleire folk.  Foto: Evotec AS

Nyheter

– Vi har hatt ein veldig god start med stor ordretilgang. Rett nok er det korte leveringstider, så her blir det «armar og bein» fram mot sommaren, seier leiar for sal og marknad, Torkjell Ringstad, til Sunnmørsposten.