Betydelig snøskredfare

Frå måndag er det betydeleg fare for snøras på Sunnmøre. I indre Nordfjord aukar faren allereie søndag.
Nyheter

Måndag vil vinden auke og dreie til nordvest liten kuling. Dette kjem saman med 10-20 mm nedbør i løpet av dagen. Sjansen for naturleg utløyste skred aukar derfor på Sunnmøre, melder Varsom.no.

Søndag er det faregrad 2, måndag faregrad 3. Varselet gjeld Sunnmøre og Romsdal.

I Indre Nordfjord er faregraden vurdert til 3 også søndag, melder Varsom.no.