Konstituert som fylkesmann

Rigmor Brøste er fylkesmann i Møre og Romsdal fram til Else-May Botten tiltrer.

Rigmor Brøste.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Rigmor Brøste vart i statsråd fredag konstituert som fylkesmann i Møre og Romsdal, går det fram av ei pressemelding.

– Vi har fått på plass ein erfaren leiar med ovleg relevant bakgrunn til å leie embetet dei neste åra, heiter det frå kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Else-May Botten blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Møre og Romsdal. Botten vil tiltre i embetet etter at ho går av som stortingsrepresentant hausten 2021. Rigmor Brøste er konstituert som fylkesmann fram til Else-May Botten tiltrer i sitt åremål.