La ut namn og foto av overgrepsdømt på Facebook

– Det viktigaste er å verne borna, seier ei kvinne til Vikebladet Vestposten.
Nyheter

Ein sunnmørsmann i 70-åra, som nyleg blei dømt for seksuelle overgrep mot asiatiske barn via Internett, blir namngitt i fleire innlegg på Facebook, skriv Vikebladet Vestposten (for abonnentar).

Både bilde og namn er lagt ut på ein privat facebook-profil. Kvinna ber andre dele og spreie innhaldet.

– Eg blir sikkert straffa for dette, men det bryr eg meg ikkje noko om. Det viktigaste er å verne borna, seier ei kvinne til lokalavisa.

Mannen har fått ei av dei strengaste straffene nokon gong i Norge for overgrep via nettet. Dommen vart anka fordi sunnmørsmannen meiner dommen er for streng.

Overgrepsdømt sunnmøring anker dommen

Mannen i 70-årene fra Sunnmøre som ble dømt til tolv og et halvt års fengsel for å ha bestilt overgrep via internett mot 65 jenter på Filippinene, anker dommen.