Har selt to av 33 leilegheiter

Til no er to av leilegheitene under bygging på Utstillingsplassen selt, men over 50 har meldt interesse.

Her kjem leilegheitene: Arbeidet er godt i gang ved Utstillingsplassen. Her skal det kome 33 leilegheiter, dei dyraste er opp mot 20 millionar kroner. Sidan salet starta i slutten av november i fjor, er det berre selt to leilegheiter.   Foto: Morten Hjertø

Nyheter

– Det går jamt og trutt. Førebels er det berre to av leilegheitene som er stadfesta selt, men vi har både ståande reservasjonar og ei veksande liste med interessentar som no tel godt over 50 namn, seier dagleg leiar i Krogsveen Moa, Espen Skarbø.

Han meiner målgruppa for leilegheitene gjer at det tek lenger tid å få selt. Dei aller fleste er over 100 kvadratmeter og prisane deretter.