Rekordtrafikk i fjor:

Over 3.000 bilar i døgnet gjennom Eiksundtunnelen

– Eiksundtunnelen er heilt avgjerande for at eg kan vere her og jobbe, seier Kristin Overvåg Leirbekk frå Hareid som pendlar til jobb i Volda.

Pendlar: Kristin Overvåg Leirbekk frå Hareid pendlar til jobb i Volda, men i jobben som eigedomsmeklar reiser ho i eit stort distrikt. Ho er avhengig av både Eiksundtunnelen og Kvivsvegen.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Trafikken i Eiksundtunnelen har stige jamt sidan opninga i 2008. Og i fjor køyrde for første gong over 3.000 bilar gjennom tunnelen kvart døgn. Dette er nesten ei dobling frå det første heile året, 2009, med vel 1.700 bilar.

– Eg er veldig fornøgd både med Eiksundtunnelen og Kvivstunnelen, seier Kristin Overvåg Leirbekk som jobbar som eigedomsmeklar i Notar.