Vil ikkje gi ekstra rasmidlar til Geiranger

Samferdsleminister Jon Georg Dale seier vil ikkje gi Geiranger hastemidlar til rassikring.

Snøskred: Her gikk snøskredet på Grande i Geiranger rundt 30. januar.  Foto: SMP-TIPSER

HØGT: Grandefonna som gjekk denne veka var 30 meter brei og sju meter høg. FOTO: STATENS VEGVESEN  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) og Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) har bedt samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) om ei løyving til rassikringstunnel ved Grande så fort som mogleg. Også lokalpolitikarar i samferdselsministerens eige parti støttar kravet.

Grandefonna gjekk to gonger i januar og isolerte Geiranger. 30. januar var ein buss nær ved å bli tatt av raset. Dale seier til NRK Møre og Romsdal at han likevel ikkje vil gi den ekstra løyvinga.

SJÅ VIDEO: Ein buss blei nesten tatt då Grandefonna rasa ut

Onsdag ettermiddag, i firetida, rasa Grandefonna i Geiranger ut. Ein buss blei nesten tatt av snømengdene.


Stengte fylkesveg 63

– Vegen dei spør om her er ein fylkesveg. Det betyr at det er fylket som må prioritere og fastsetje eventuelle tiltak, seier Dale til NRK.

Måndag er Geiranger igjen isolert. Statens vegvesen har stengt fylkesveg 63 på strekninga Indreeide-Geiranger på grunn av fare for snøskred. Rasferje er sett inn.

Ordføraren: Positive signal

Grandetunnelen er på fjerde plass på Møre og Romsdal fylkeskommune si prioiteringsliste over rassikringstiltak. Norddalstranda i Nordal ligg på andre plass på lista.

Jan Ove Tryggestad meiner likevel at samferdselsministeren kjem med positive signal, så han håper tunnelen blir realisert. Stranda kommune byrjar nå med planlegging og regulering av området, skriv NRK.


Omdirigerer skulebussar på grunn av rasfare

Ordføraren i Norddal kommune åtvarar om rasfare i kommunen. Skulebussar får nye ruter fredag morgon.

Slik så det ut da skredet gikk i Geiranger

Sander Mossberg Hjelle var like ved da snøskredet raste nedover ved Grandeneset i Geiranger torsdag.