Nytt krigshistoriesenter skuldar pengar:

Forsvarsdepartementet krev full rapport frå Måløyraidsenteret

Måløyraidsenteret skuldar mykje pengar, har sagt opp dagleg leiar og blir granska. Forsvarsdepartementet krev no full rapport, skriv NRK.

Måløyraidsenteret formidlar historie frå andre verdskrig, med spesiell vekt på Måløyraidet, ein britisk/norsk militæroperasjon i romjula 1941.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Måløyraidsenteret vart opna av kronprinsen i august i fjor, men skal no ha fått store økonomiske utfordringar, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

– Forsvarsdepartementet kan krevje innsyn i rekneskapen for tildelte midlar for å kontrollere at midlane blir nytta etter føresetnadene. Vi vil no be om full rapport for dei tildelte midlane, skriv statssekretær Tone Skogen i Forsvarsdepartementet i ein e-post til NRK.


Kronprinsparet åpnet Måløyraidsenteret

Måløyraidsenteret forteller historien om da de allierte angrep tyske styrker i Måløy og om Kompani Linge. Torsdag ble senteret åpnet av kronprinsparet.

 

Senteret skal ha utbetalte rekningar for 1,5 millionar kroner liggande, og dagleg leiar er sagt opp.

Vågsøy kommune har gått inn med store summar i Måløyraidsenteret, og politikarane skal ifølgje NRK vere svært uroa over situasjonen.

Før jul sende kommunen uromelding til Lotteri- og stiftingstilsynet, som no har starta gransking av senteret,.

Senteret er finansiert gjennom spleiselag, og Forsvarsdepartementet har gått inn med 3,3 millionar kroner for å få realisert senteret som formidlar historia om den britisk/norske militæroperasjonen i romjula 1941.


Nytt senter tar for seg Måløyraidet, Shetlandsbussene og Kompani Linge

Dramatisk historie fortalt med lyd, film og lukt

Det lukter svidd, filmene til krigsfotografene gir kampene liv – og vi får høre øyevitner fortelle.

 



Bygger modeller i museumskvalitet av sunnmørsskutene fra Shetland-trafikken

Når Måløyraidsenteret åpnes av kronprins Haakon torsdag, hører en nydelig skalamodell av «Bergholm» med.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter