Snøras sperrar vegen

Den kommunale vegen til Homlung i Geirangerfjorden er stengd.

SKRED: Snøras sperrar vegen ved Homlung.   Foto: Geir Gjørva

Nyheter

Den kommunale vegen til Homlung i Geirangerfjorden er stengd. Det skuldast at det onsdag føremiddag gjekk fleire fonner over vegen.

Dette opplyser brannsjef Inge Teigen i Stranda til Sunnmørsposten.

For skummelt å rydde no

– Vegen vil nok bli stengd ei god stund framover. Det er iallfall førebels for skummelt å starte opp med noko oppryddingsarbeid på staden, seier Inge Teigen.

– Det bur berre ein familie fast på Homlung. Dei har båt og tek seg fram på den måten, legg Teigen til. 

Stor skredfare på Nordvestlandet:

Fleire bygder vart isolert på grunn av ras

Men einebuar i Geiranger fortvilar ikkje over å vere utan vegsamband.


Årleg fenomen

At det går fonner her om vinteren som sperrar vegen til Homlung, er ikkje noko særsyn.

–Dette er noko som skjer så å seie kvar vinter, seier brannsjefen i Stranda.