Dømd til fem års fengsel for overfallsvaldtekt

Ein mann frå Litauen er i Romsdal tingrett dømd til fem års fengsel for valdtekt av ei kvinne i ein skog på Søre Sunnmøre.

SYNFARING: Søre Sunnmøre tingrett var på synfaring til granskogen som er åstad i valdtektssaka.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Den 40 år gamle mannen må også betale 175.000 kroner i erstatning til kvinna.

Romsdal tingrett karakteriserer valdtekta som grov.

– Det dreier seg om en alvorlig handling mot en persons fysiske, psykiske og seksuelle integritet, skriv tingretten i domen.

I alt tre menn stod tiltalt i saka.

Ein 24 år gammal mann vart frifunnen, medan ein 21-åring ikkje vart dømd for seksuell omgang, og valdtekt, men ei seksuell handling utan samtykke. Han vart dømd til fengsel i 120 dagar og frifunnen for krav om oppreisingserstatning.


Søre Sunnmøre tingrett:

Mann (39) dømd for valdtekt i skogen

Ein 39 år gammal mann frå Litauen er funnen skuldig i valdtekt av ei kvinne i ein skog på søre Sunnmøre i fjor sommar. Mannen er dømd til over fem år i fengsel.

 

Den eldste mannen vart i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i fem år og ein månad, men tvil om tolkning av eit politiavhøyr gjorde at Frostating lagmannsrett oppheva denne voldtektsdomen. Dermed måtte saka opp til ny behandling i Romsdal tingrett. Alle vitneutsagn og bevis måtte leggast fram for retten på nytt, og no er altså domen klar.


Feil oversettelse oppdaget ved en tilfeldighet i voldtektssak:

– Det var åpenbart at de var bekymret for tolkingsarbeidet som var gjort av politiet

– Ved en tilfeldighet ble deler av min klients politiforklaring spilt av for lagmannsretten og alle tolkene reagerte på det som kom fram, sier advokat Ole-Petter Grythe Hoff.