Skipsdåp ved Kleven torsdag:

Døypte siste av seks Maersk-skip

Kleven er ferdig med det siste av dei seks Maersk-skipa som siste åra er bygde ved verftet. Torsdag blei båten døypt.
Nyheter

Siste åra har dei lyseblå Maersk-båtane vore eit fast syn ved Kleven og på sjøen i området. Heile seks skip er bygde for Maersk siste åra.

Torsdag blei ein merkedag, då det var klart for dåpsfest for siste av dei seks skipa i rekkja, «Mærsk Maker».


Kjempekontrakt for Kleven

Skal bygge seks offshoreskip for eitt av verdas største reiarlag.


Skal inn i spot-marknaden

«Mærsk Maker» vart døypt under ein seremoni på kaia ved Kleven Verft torsdag ettermiddag, med Rikke Eskjær som gudmor.

Siste åra har dei lyseblå Maersk-båtane vore eit fast syn ved Kleven og på sjøen i området. Heile seks skip er bygde for Maersk siste åra. Torsdag blei ein merkedag, då det var klart for dåpsfest for siste av dei seks skipa i rekkja, «Mærsk Maker».

Fartøyet forlet Kleven like over helga med kurs for Aberdeen, der det skal inn i spot-marknaden i Nordsjøen.

Skipet er bygd for operasjon på store havdjup i  den såkalla M-serien og er utstyrt med ei rekkje nyvinningar. Ifølgje verftet har dette gitt skipa eit godt rykte i den globale marknaden.

Har fornya og redusert flåten

Skipet som blei døypt torsdag er det siste som blir levert i Maersk sitt tre år lange fornyingsprogram. Sidan mars 2017 har Maersk fått ti nye skip i flåten. Av desse er altså seks bygde ved Kleven sitt verft i Ulsteinvik.

Samtidig med at Maersk har fått ti nybygde skip, har dei også selt unna 23 skip.

Etter dåpen: Oppstilling foran «Mærsk Maker» etter dåpen.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Snittalderen på flåten deira er dermed redusert til under ti år. Reduksjonen i flåten er eit ledd i at Maersk ville ta sin del for å redusere overkapasiteten i den globale marknaden.

Maersk Supply Service har 1100 tilsette offshore og 200 på land. Hovudkontoret deira ligg i Lyngby, like ved København.

Kontrakten med Maersk blei kunngjort i oktober 2014.

Då kontrakten blei underteikna var det også med eit punkt om opsjon på ytterlegare fire skip, men året etter blei det klart at Maersk droppa dette og stoppa på seks skip.

Første modulane til første skipet kom til vertet i mars for snart tre år sidan.


Her kjem dei første modulane til Klevens kjempekontrakt

Slep ankom Ulsteinvik tidleg fredag.

 

Fleire underleverandørar på Sunnmøre har også hatt jobb med fartøya.


Største enkeltkontrakt til Rolls-Royce

Milliardkontrakten mellom Maersk og Kleven drypper på andre deler av den maritime klyngen på Sunnmøre. Rolls-Royce i Brattvåg og IP Huse får sin del.

 

«Mærsk Mobiliser» frå Kleven blei døypt

Båten «Mærsk Mobiliser» vart levert frå Kleven Verft onsdag.

 

Døypte «Mærsk Minder»

Den 95 meter lange kraftpluggen «Mærsk Minder» vart levert frå Kleven Verft i dag.



Maersk-skip døypt idag

Kleven Verft leverte nytt ankerhandteringsskip til Maersk Supply Service i dag.