Håp for rehabilitering i Volda?

Torsdag slapp HMR ROS-analysen av rehabiliteringstilbodet i fylket.

Vil kjempe for Volda: F.v. avdelingsleiar Anita Myklebust Nybø og plasstillitsvalt Marte Husøy ved Mork rehabiliteringssenter. ARKIVFOTO: PER OVE STIGE 

Nyheter

For å spare pengar, vurderer Helse Møre og Romsdal å legge ned sentera for rehabilitering ved Mork (Volda) og i Aure. For ei veke sidan hadde dei ein ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse). I dag vart analysen offentleg.

Det som no er foreslått er å etablere poliklinikktilbod innan rehabilitering ved fleire av sjukehusa, melder Helse Møre og Romsdal på sine nettsider. Det er også foreslått at spesialisert rehabilitering blir spreidd til meir enn eitt sjukehus.