Optimisme og kakefest på Myklebust etter stor ombyggingskontrakt

Skal stå gjennom krisa

Dei har klart det før og dei skal klare det igjen. Optimismen er stor ved Myklebust Verft i Gursken.

Strategi: Administrerande direktør Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft ser framover etter eit hardt motbakkeløp. Han trur kvalitet i alle ledd er den beste måten å halde på kundar og få nye. Verftet held fram med å tilby nybygg og reparasjonsoppdrag. For tida er det lite ventetid for dei som vil ha båtane sine overhalt.  Foto: Johan Behrentz

Diverre må vi vere ærlege å seie at vi ikkje alltid har levert det kundane hadde rett til å forvente av oss

Inge-Jonny Hide
Nyheter

– Vi har vore gjennom ei krevjande tid med levering av ni fartøy på 15 månader. Midt i det heile vart vi skild frå Kleven og måtte stå på eigne bein. Dei tilsette har vore svært lojale i den vanskelege tida. Dei sa frå seg lønsauke i tre år, og har gitt lån til verksemda. Sjølv om det har vore eit motbakkeløp, har vi kondisjon til å klare oss godt vidare, seier verftsdirektør Inge-Jonny Hide til Sunnmørsposten.