Fiskerstrand Verft har ordrebøker som sikrar arbeid for dei tilsette ut året

I oktober 2017 fekk Fiskerstrand Verft pris for å arbeide for Inkluderande Arbeidsliv. I desember same år, måtte dei gå til oppseiingar. No peikar pilene igjen oppover.

FULL KAI: Tett i tett ligg båtane som er inne til ombygging og reparasjon ved kaia til Fiskerstrand Verft. Det går føre seg arbeid på alle dei åtte samstundes, ein operasjon som er krevjande å koordinere. Magne Standal og Tone Tetli, tillitsvald, er nøgde med travle tider. 

Vi har ikkje slutta med å bygge båtar, men vi har tatt ei pause– Vi har ikkje slutta med å bygge båtar, men vi har tatt ei pause

Magne Standal
Nyheter

– Det kjendest ut som ein motsetnad å måtte seie opp folk to månader etter at vi hadde fått IA-prisen. Det var vanskeleg, for vi har alltid sett dei tilsette i fokus. Heldigvis fekk dei aller fleste raskt nye jobbar, seier Magne Standal, administrerande direktør ved Fiskerstrand Verft.