Tandstad Montessoriskule fekk nei

Utdanningsdirektoratet har vedteke å avslå søknaden om etablere ein ny grunnskule etter friskulelova.

STRAUMGJERDE: Tandstad skule blei lagt ned i juli 2018. FOTO: TERJE ENGÅS 

Nyheter

Den offentlege skulen på Tandstad blei lagt ned frå 1. juli 2018. Då hadde allereie Tandstad Montessoriskule As sendt søknad til Utdanningsdirektoratet om å få opprette ein friskule med 65 elevplassar frå 1. til 7. trinn.

– Vi opplevde det som ein ganske brutal prosess med korte freistar. Vi forsøkte å klage, men vedtaket blei kjent lovleg. Allereie før skulen blei lagt ned søkte vi om å opprette ein montessoriskule, seier Håvar Tandstad om det som skjedde då Tandstad skule blei lagt ned i fjor.

Tandstad Montessoriskule AS sende søknad til Utdanningsdirektoratet om å få opprette ein friskule med 65 elevplassar frå 1. til 7. trinn. Sidan har dei venta på svar på søknaden. No har det kome, og det var negativt.

– Vi har blitt vurdert som gode nok på alle kriteria som er lagt til grunn, men Utdanningsdirektoratet har lagt vekt på kommuneøkonomien og at kommunen skal spare pengar. No har vi gitt litt opp, og vi kjem ikkje til å klage på dette vedtaket. Det har vore ein tøff kamp å kjempe, seier Tandstad.

Det var om lag 50 elevar på Tandstad skule då den blei lagt ned. Desse er i stor grad no fordelt på Hundeidvik Privatskule og den offentlege Sørestranda skule.

– Det hadde nok ikkje blitt 50 elevar her om vi starta opp igjen no. Folk har allereie begynt å flytte herifrå, og det har blitt mindre attraktivt å bu her. Dei som flyttar frå leilegheit flyttar ikkje inn i hus her lengre, seier han.

Ifølgje søknaden har dei hatt ein spørjeundersøking i krinsen, og 100 prosent av foreldra valte Tandstad Montessoriskule på 1.-plass.

Direktoratet har gått gjennom søknaden til montessoriskulen. Dei har funne at søknaden tilfredsstiller friskulelovens krav. Utdanningsdirektoratet har gjort følgjande vurderingar:

  • Skulens vedtekter er vurdert og tilfredsstiller friskulelovas minstekrav.
  • Skulens grunnlag er godkjent.
  • Skulens inntaksreglement er godkjent.
  • Ordensreglementet til skulen er godkjent.
  • Skulens budsjett er vurdert og godkjent.

Ikkje nok

Men dette har ikkje vore nok. Direktoratet har gjort ein skjønnsmessig vurdering, som mellom anna er basert på kva konsekvensar godkjenninga vil få for den offentlege skulestrukturen og om det er behov for endringa. Der har dei lagt vekt på at Sykkylven kommune anbefalte å avslå søknaden.

Kommunen viser mellom anna til at Sykkylven er ein relativt liten kommune, både i innbyggartal og geografi, og at med den demografiske utviklinga i kommunen så vil den tape økonomisk på oppretting av ein montessoriskule på Tandstad då dei vil få lågare statlege overføringar som ein konsekvens.

– Sykkylven kommune har ein god skule både når det gjeld trivsel og resultat, men økonomien i skulane i Sykkylven kommune er trong – etter fleire år på ROBEK-lista. Skulane har gjennomført fleire kutt dei siste åra, men vi brukar framleis for mykje ressursar på skulestruktur kontra ressursar til undervisning, skriv kommunen og visar til at dei må effektivisere skulestrukturen.

Negativt for det offentlege tilbodet

– Rådmannen kan ikkje sjå skulefaglege argument for at det er behov for tre private skular i Sykkylven kommune – der to av dei vil ligge seks km frå kvarandre og i tillegg driv etter same pedagogikken. Tre små private skular vil gjere det vanskeleg for kommunen å planlegge ei langsiktig og berekraftig utvikling for skulane, argumenterte Sykkylven kommune.

Utdanningsdirektoratet har gitt avslag på søknaden på bakgrunn av at oppretting av Tandstad Montessoriskule vil vere dårleg for det offentlege skuletilbodet.

– Utdanningsdirektoratet legger til grunn at ein etablering av Tandstad Montessoriskule AS vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet ved at strukturendringane som kommunen har gjennomført ikkje vil føre til den nødvendige innsparinga som det er lagt opp til. På bakgrunn av det finn Utdanningsdirektoratet ikkje å kunne imøtekome søknaden om godkjenning av ny grunnskole etter friskulelova, heiter det i avslaget.


Sørestranda i Sykkylven:

Foreldre og elevar aksjonerte for trygg skuleveg

Redde foreldre samla seg til ein spontanaksjon ved Sørestranda skule i Sykkylven måndag. Dei etterlyser tryggare tilkomstveg til skulen.



Nedlegging av Tandstad skule var lovleg

Vedtaket om å leggje ned Tandstad skule var lovleg. Dermed vert skulen lagt ned.



Krev stans i nedleggingssak

Vedtaket om å leggje ned Tandstad skule må utsettast til det er gjort ein lovlegheitskontroll av vedtaket.