Fridom frå kvardagen

Her oppe på hytta kan familien få ro og nyte fjell og familieliv.

Det er ei heilt anna ro her enn heime

Susann Standal
Nyheter

Fredag etter jobb sett familien på fire, eller fem om ein inkluderer hunden, seg i bilen og køyrer det vesle strekket frå Sykkylven og opp til Fjellsætra. På hytta, som Sveinung Liaskar arva etter sine foreldre, kan dei pakke ut og senke skuldrene etter ei travel arbeidsveke. Saman med Susann Standal har han dei to sonene Jonatan (9) og Kaspian (6), samt hunden Aron. Familien reiser på hytta nesten kvar einaste helg i perioden seinhaust til tidleg vår.