Leiar, 22. februar:

«Må sikre motvekt mot sentraliseringa»

Få ting har større sprengkraft enn lokaliseringsdebattar. I går kom framlegget til ny lokalisering av tenestene i nye Ålesund. Ikkje uventa legg det opp til sentralisering av dei mest makttunge funksjonane.

All makt?: Rådhuset i Ålesund vil huse alle sentrale maktfunksjonar i den nye storkommunen. Det treng ikkje vere negativt for utkantane, men det må mottiltak til. 

Perspektivet den sentrale leiinga i kommunen vil ha, vil alltid verte prega av kvar den held til

Nyheter

Ei slik sentralisering er nemleg heilt i tråd med intensjonsavtalen for den nye kommunen. Der står det klart at den sentrale leiinga og dei nære stabsfunksjonane til denne skal plasserast i bysentrum.

Ingen ny teknologi, servicekontor eller mobile fagmiljø kan motverke at ei slik samling vil påverke framtidige prioriteringar og vurderingar. Perspektivet den sentrale leiinga i kommunen vil ha, vil alltid verte prega av kvar den held til. Ein må aktivt setje inn tiltak for å motverke dette.

Ei slik sentralisering av makt treng slett ikkje bety at innbyggjarane til dømes i noverande Sandøy eller Ørskog vil få eit dårlegare tilbod. Tvert om bør den nye organiseringa gi grunnlag for at tilbodet blir betre enn det er i dag.

For det første vil skular, sjukeheimar og andre tenester som innbyggjarane treng i det daglege i stor grad bli som i dag. For det andre vil dei sentraliserte funksjonane bidra til å gi sterkare fagmiljø, sikre god kommunikasjon og samarbeid og gi grunnlag for å hente ut stordriftsfordelar. Det vil styrke kommunen, og det vil styrke tilbodet til alle.

Samstundes er den same samlokaliseringa det som gjer avstanden mellom innbyggjarane og makta stor. Både den sentrale leiinga sitt perspektiv og dialogen mellom dei styrande og dei styrte vil bli svekka av denne avstanden.

Motvekta i framlegget er mellom anna digitaliserte tenester, digitalisert kommunikasjon, innbyggjartorg i alle dei eksisterande kommunesentera og mobile fagmiljø. Alt dette er tiltak som vil motverke effekten for innbyggjarane i utkantane av at makt blir flytta frå utkantane til rådhuset i Ålesund.

Framover vert det viktig at det blir sett nok ressursar og vilje inn på å gi desse tiltaka kraft, slik at dei utgjer ei reell motvekt mot sentraliseringa. Det vil ikkje berre sikre eit godt tenestetilbod til alle, men gi den nye kommunen styrke og demokratisk samanhengskraft.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter