Forbod mot dyrking av myr vil ramme hardt:

Fryktar for kystjordbruket

Regjeringa vil forby nydyrking av myr for å redusere utslepp av klimagassar. Dette vil få store konsekvensar for dei som driv jordbruk på kysten.

Åtvarar: Torleiv Rogne åtvarar mot å innføre forbod mot myrdyrking på kysten. Strenge restriksjonar vil få alvorlege følgjer for dei som satsar på jordbruket her. Rogne ber fylkesutvalet seie klart frå om dette til sentrale styremakter.   Foto: Arkiv

Nyheter

– Misforstått miljøpolitikk, meiner Torleiv Rogne og fryktar for framtida for jordbruk på kysten av Møre og Romsdal.