Storfjordsambandet er eitt av fire store vegprosjekt på Sunnmøre som håper å bli prioritert på topp

Kamp mellom store vegprosjekt

I går var det sjarmoffensiv før Storfjordsambandet kjem på bordet til politikarane i fylket.

Vil forlove seg: Sykkylven-ordføraren (i midten) og Stranda-ordføraren (i dressjakke) er klare til å slå seg saman, så sant dei får tunnel gjennom Strandafjellet. Einar Arve Nordang (t.h.) seier pizzafabrikken gjerne betaler 250 kroner i bompengar. T.v. dagleg leiar Øyvind Olsen i Storfjordsambandet AS.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Trinn 1 i planane er ein tunnel gjennom Strandafjellet mellom Sykkylven og Stranda. Denne tunnelen vil styrke trafikkgrunnlaget for ei bru over Storfjorden ein gong i framtida, meiner folka bak prosjektet.